Den nye Kokarbui er opna! Med kamp og opningstilbod!
Vi har i samarbeid med AMFI med ein god dugnad fått på plass ny kokarbu i gamle Fretex-lokala mellom Kulturhuset og Sparebanken Sogn og Fjordane! Alt var framleis ikkje heilt på plass, då vi opna med med TV og stolar klare til fredag 14.august klokka 1700 for dei som ville sjå første kamp i vårt eige lokale i lag. Men vi er særs godt nøgde og måndag 24.august er det ny kamp for medlemmar på Kokarbui. Velkomne!
Arrangementa er ope berre for medlemmer. Maks 20 personar pga smittevern - førstemann til mølla Sal av kaffi, brus og vafler + eit fantastisk utval av supportarartiklar. Me har Vipps.
Opningstilbod : I samarbeid med vår sponsor Intersport Sogndal sel me ny kokarjakke til ein uslåeleg pris for våre medlemmer. Umbro Core X Track Jacket til berre 375 kr! Pris ikkje-medlem: 699,- Tilbodet varar til 28.08.20, etter det blir prisen om lag 599,-.