Godt oppmøte på årsmøte i Saftkokaradn og to nye inn i styret då Tonje og Kåre takka av
Årsmøte vart gjennomført i gamal tradisjon rett før første heimekamp for året. Denne gongen var dette oppgjeret mot Mjøndalen
Vi lånte godt eigna møtelokale av Sogndal Fotball, tinga møtemat frå Pizzabakaren og deretter var det nokre få meter til Skraol for kampoppvarming.
Til stades: 21 medlemmar, inkludert 5 styremedlemmar
Du finn årsmøtereferatet her og presentasjon av årsmelding med økonomi her.
Det var engasjert debatt, men alle faste årsmøtesaker vart gjennomgått utan dramatikk på ca ein time.
Sentrale saker:
Årsmeldinga med økonomi vart gjennomgått og godkjent. Saftkokaradn er aktive og har god orden på sakene
Årsmøte vedtok at donasjon for året skal gå til Sogndal United (3000) og Idrettspolitikk.no (2000).
Val: Desse sit i styret i 2024: (Informasjonen under inkluderer og konklusjon frå konstituerande første styremøte):
Øyvind Heimset Larsen: Leiar og talsmann
Sondre Henjum Bremer: Nestleiar, talsmann, sponsorsjef og ansvarleg for sosiale medium
Sindre Tjørhom Myrvang: Ansvarleg for pyro, tifo og arrangement, ansvarleg for bortetur
Therese Langeland: Arrangement, koordinering av pyro/tifo på heimebane, Juniorsvingen
Martin Salbu: Sekretær, kasserar, nettsida og teknisk sjef
Svein Helge Steinsåker: Vert på heimebane, kontaktperson Hertz i samband med bortetur
Sivert Saur: Utstyrsansvarleg og feltsjef
Valkomiteen består av Vidar Vadseth og Bente Mossige Ask
Velkomen inn som nye styremedlemmer Svein Helge og Sivert!
Årsmøte takkar av Tonje Norheim Tangerud for stor innsats som styremedlem i 10 år! Takk og til Kåre Salbu for eit år i styret.