Saftkokaradn dikterer ikkje kva medlemmar meiner.

Vi meiner. Våre medlemmar meiner. Vi har oppgjennom åra hatt ulike diskusjonsforum der takhøgda har vore stor. DET heiar vi i styret i Saftkokaradn på no og.

Supportarar diskuterer det meste så fillene fyk. Vi er stolte medlemmer av Norsk suppporterallianse. Vi har sjølvsagt meiningar om alt som påverkar eigen klubb, norsk fotball med cup- og tema som sportsvasking, mangfald og inkludering. Men sjeldan på Facebook, slik nokre stadig etterspør. Min nestleiar sa det omlag slik i ein snapchat-diskusjon på eit fora som ER aktivt: "Eg får ta på meg rolla som representant for dei unge. INGEN unge diskuterer fotball på facebook! Eg skal vurdere det når eg blir 40".

I dag blir det diskusjonar på Fotballtinget. Men berre så dette er sagt om konsekvensar i 2025 på Fosshaugane.

- Vi kjem til å respektere vedtak der. Som på VAR og cup. Vi treng ikkje å like dei, men vi må respektere det.

- Aksjonar som stoppar kampane, øydelegg for mykje. Vi ser mykje meir enn VAR å kjempe for i åra som kjem. Og det kjem nye TV-avtalar. Og vi ser fram til diskusjonar om kva "vidareutvikling" inneber. Blir profesjonell prosjektleiing underlagt styret for innføring av så viktig teknologi aktuelt? Per no er det berre ei brukargruppe som styrer på. VAR er ikkje kjøp av ein mobiltelefon.

- Det er uaktuelt å øydelegg for eigen klubb. Nokre markeringar og bannerar får folket tåle.

Det neste er årsmøte i Sogndal Idrettslag Fotball.

- Vi ønskjer engasjert debatt velkomen. Køyr på! Styremedlemmer og valnemnd-medlemmer i Saftkokaradn har de lest innlegg til.

- Det gjer ingenting med valkamp og reelle val av styre og stell. Styret i Saftkokaradn er ikkje internt samde heller. Nokon for den eine, nokon for den andre, nokon vurderer blank stemme. Vi går ut frå at status hjå medlemmane ikkje er ulik.

- Vi er overtydd om at valnemnda har gjort grundigare førearbeid med intervju og sonderingar enn nokon gong før. Men årsmøte er allmektig. I vårt eige system har vi styremedlemmar som kom inn etter benkeforslag i konkurranse med valnemnda si innstilling. Og det har gått alldeles glimrande etterpå. Det viktige er at kandidatane formidlar kva dei vil og står for til oss som stemmer. Enno fleire må gjerne melde seg på og ønskje både styreplass og styreleiarposisjon. Heilt fint.

- Det burde vere enklare for folk å melde seg inn og so sjå at ein faktisk er innmeldt og kan stemme. Allianseidrettslagsmodellen vår og Min Idrett er ikkje venner.

- Vi skulle gjerne hatt digitalt årsmøte slik at engasjerte i Oslo og Bergen kunne stemme. Men det blir strøyma og møteverktøyet Goplenum er ikkje det beste eller brukarvennleg, så greit nok. Vi oppmodar berre alle engasjerte om å stille på.

Alle må gjerne melde seg inn i idrettslaget (eller idrettslaga du soknar til lokalt- vi er enno stolte av å vere fylkeslaget), stille opp på årsmøta, komme med forslag og synpunkt og stemme på det dei meiner er best.

Vi fortel ingen kva dei skal stemme. For det blir og heilt feil om vi skal uttale oss samla på vegne av våre vel 175 offisielle medlemmar i 2024. Vi veit nemleg at dei ikkje er samde.

Still på årsmøte 12.mars kl 18 og bruk demokratiet!

Mvh

Styret i Saftkokaradn

Neste
Neste

Årsmøte for 2024 - innkalling. Set av datoen 5.april!