Tore André Flo blir ny Sogndaltrenar!

Spørsmålet om kven som overtek etter Eirik Bakke er endeleg besvart. Tore André Flo blir vår nye trenar!

Han har signert ein treårskontrakt og kontrakten startar 1. januar 2022. Han har fortsatt jobben sin i Chelsea fram til 1. januar og må ha fokus der, men arbeidet med å setje ein tropp til neste sesong byrjar allereie no. Det er ikkje bestemt kven som skal utgjere trenarteam i lag med Tore André, men det skal det kjem ein tilbake til.

- Saftkokaradn tykkjer Tore André Flo er ei spennande signering med stort nettverk og han kjem med viktige nye impulsar og verdifulle erfaringar frå Chelsea og landslag. Dette kan bli bra!, seier leiar i Saftkokaradn Øyvind Heimset Larsen.

Etter pressekonferansen torsdag fekk me eit lite intervju med Tore André. Det kan du sjå på YouTube.

Me ønskjer Tore André velkommen til klubben! Stao no Pao!

Forrige
Forrige

Månadens spelar for oktober

Neste
Neste

Saftkokarquizen! - November