Fellessamling på Gol
I helga 13-15. januar var styret med på den årlege fellessamlinga på Gol saman med Sogndal Fotball. Dette markerar starten på eit nytt år og helga vert fylt med møter mellom representantar frå klubben og Saftkokaradn, interne styremøter og sosialt.
Frå styret var det Øyvind, Tonje, Therese, Sondre og Martin som deltok på fellessamlinga. Vidar og Bente i valnemda var også med og hadde eit eige møte i løpet av helga. I møtet med oss stilte Sogndal Fotball med dagleg leiar Lars-Olav Hausberg, styreleiar Jan Rune Årøy, arrangementsansvarleg Geir Inge Heggestad og marknadsansvarleg Terje Teigen. På agendaen var blant anna: tankar og forventningar til sesongen, planlegging av ulike arrangement i 2023, korleis me kan gjere kvarandre betre, medlemsfordelar, korleis me skal få flest mogleg på kamp og mykje anna. Desse møta er ein viktig arena der me kan fremje tankar og meiningar frå medlemmane til klubben. God dialog er viktig slik at me saman kan få mest mogleg ut av samarbeidet. I 2022 hadde me fleire møter fordelt utover året, og det skal me også ha i 2023.
Etter møtet med klubb var det rett vidare til eit internt styremøte. Her var det mange saker på agendaen og totalt i løpet av dagen vart det 4 timar med møteverksemd. Styremøtet bestod blant anna av klargjering av alle årsmøtedokumenta, planlegging av borteturar og arrangement i 2023, nye produkt i kokarbui, rekruttering og mykje anna. Årsmøtet vert arrangert laurdag 11. mars, same helga som me møter Lillestrøm i 4. runde av NM. Offisiell innkalling kjem når årsmøtet nerma seg, men set av datoen allereie no. I løpet av helga vert det både kick-off, årsmøte og viktig kamp mot Lillestrøm så dette kan du ikkje gå glipp av.
I tillegg til møta var det også mykje sosialt gjennom helga som quiz, bowling og fotball på skjermen. Tusen takk til Sogndal Fotball for at me får vera med på denne samlinga, og at de ønskjer å ha møter med oss. Me gler oss til sesongen og håpar som alltid på eit bra år!
Stao no Pao!