Kick off med Sogndal Fotball!
Sogndal Fotball inviterer til Kick off fredag 10. mars klokka 19:00!
Laget er i gang med treningskampar og oppkjøring til ein ny sesong. Årets fyrste teljande kamp er som kjent 4. runde i NM mot Lillestrøm. Kampen spelast søndag 12. mars klokka 17:00. Det gjer at denne helga vert ein flott pangstart på sesongen!
“Fredag inviterer me heile bygda på Kick off på SOHO-Quality Sogndal Hotel. Her blir det program med siste nytt frå klubben, presentasjon av spelarstall, info frå sport og mykje anna moro. Det er gratis inngang, men med påmelding i Ticketco. Det er 18 års aldersgrense. Dørene åpnar klokka 19.00. Hugs å ta med billetten til arrangementet.”
På laurdag 11. mars vil me arrangere årsmøte i Saftkokaradn. Me kjem tilbake med meir info om klokkeslett og plassering, men set av datoen. På søndagen vil me sjå deg på Fosshaugadn når me tek i mot Lillestrøm.
Meld dykk på Kick off og bli med på ei kjekk helg i Sogndal!