Heimesida i ny drakt!
Heimesida vår har vorte fornya, og er no oppdatert til den nyaste versjonen av programmet. Alt frå den tidlegare nettsida er kopiert inn til den nye og den største skilnaden for lesarane er det visuelle. Det har vorte gjort litt endringar i menyane og me har oppdatert informasjon på ulike sider.
Ein anna ting som er nytt er at nettbutikken vår, Kokarbui, har vorte oppdatert og meir brukarvenleg. Det er no mogleg å sjå på produkta me har, og ein kan betale med alle dei vanlegaste korttypane i Norge.
Me håpar at de likar den nye heimesida, og at den kan vere eit nyttig verktøy for å finne informasjon om Saftkokaradn og for å halde dykk oppdatert på det som skjer rundt klubben! Stao no Pao!