Bli kjend med ein saftkokar! Geir Marcus Molland
Geir Marcus Molland er ein 16 år gamal gut som er fødd 13. april 2005. Han kjem i frå Gaupne og er ein ivrig Sogndalsupportar og saftkokar. Vidare skal du få bli betre kjend med Geir Marcus og supportarlivet hans.
Geir Marcus har fulgt Sogndal lenge og er absolutt ein som følger klubben tett. Han har vore medlem i Saftkokaradn sidan 2018, og i dag sit han også i styret. Han bur i Flahammar i Luster, og til hausten skal han begynna på vidaregåande skule i Sogndal. Der skal ha gå på Bygg og Anlegg.
Kven er din favorittspelar i dagens tropp?
- Veit ikkje heilt. Det må vera Sivert Mannsverk eller Eirik Lereng
Kven er din favorittspelar i Sogndal gjennom tidene?
- Det er Ulrik Fredriksen
Ulrik Fredriksen som no er i Haugesund fekk god kontakt med fleire av supportarane. Han var ein fin type som tok seg tid til å snakka med supportarane og det er forståeleg at Geir Marcus har han som favorittspelar. På biletet i starten av saka ser ein at Fredriksen gjer vekk drakta si til Geir Marcus.
Sjølv om Geir Marcus er ung har han allikevel fått oppleve mange flotte minner som supportar. Det aller beste minne kom i 2015 når Sogndal spelte bortekamp mot Brann. Den kampen vann Sogndal 4-0. Det er den einaste gongen Sogndal har vunne på Brann Stadion i Geir Marcus sitt liv, og det seier litt om kor stort det var.
Kva er ditt verste minne med Sogndal?
- Det må vera Mjøndalen - Sogndal i kvalikken i Oslo i 2020.
Sogndal leia kampen i det 88. minutt og var på veg mot opprykk. Så rakna da bakover, og kampen enda med 3-2 tap, og ein tung tur heim. Ein tung dag for alle med hjarte i Sogndal.
Kva er ditt beste fotballminne som ikkje handlar om Sogndal?
- Når Liverpool vann Premier League i 2019/2020 sesongen
Geir Marcus er nemleg Liverpoolsupportar i tillegg til Sogndal. Då er det klart at seriegull smakar godt.
Kva er den største stadionen du har besøkt, og kva kamp såg du?
- Det er Ullevål Stadion. Kampen var Vålerenga mot Barcelona i 2013.
Kampen enda med målfest for Barcelona og grisebank for Vålerenga som tapte heile 7-0. Ein underhaldande kamp med mykje mål og over 20.000 tilskodarar på tribuna.
På fritida går da meste i fotball for Geir Marcus. Han spelar fotball for Bjørn IL og er også fotballdommar. Som nemd tidlegare sit Geir Marcus også i styret i Saftkokaradn. Der har han ulike oppgåver, og litt ekstra ansvar for feltet til Saftkokaradn.
Tusen takk til Geir Marcus!