Månadens spelar for juli og august - Renze Jagger Fij
Det har teke si tid, men no er endeleg månadens spelar for juli og august kåra. Og det var vår nederlandske keeper som stakk av med begge to.
Renze var ute i den fyrste delen av sesongen, og var ikkje klar for spel før heimekampen mot Strømmen. Den kampen spelte me 1-1. Deretter skulle det gå 7 kampar før det neste poengtapet kom. Det var søndag 22. august på bortebane mot Start. Renze har kome inn og blitt ein viktig spelar for laget, noko som medlemmane i saftkokaradn set pris på.
Styret i Saftkokaradn seier:
- Renze kom inn i laget i ein periode der det var mykje feil og usikkerheit i våre bakre rekker. Etter at han kom inn igjen i laget vart forsvaret vårt forvandla til eit trygg og god forsvarsmur med ein god keeper bak. I løpet av juli, med Renze på bana, slapp me berre inn to mål på fire kampar. Blandt dei var tøffe bortekampar mot Bryne og Raufoss, i tillegg til heimekampane mot Strømmen og Grorud. I august har me hatt litt fleire baklengsmål, men utan Renze i mål kunne det fort sett stygt ut. Me gratulerar Renze med vel fortente prisar!
Etter treninga på fredag fekk me ein liten prat med hovudpersonen sjølv. Sjå intervjuet på Facebook.
Me gratulerar Renze med prisane! Stao no Pao!
Det er fortsatt mogleg å melde seg på tur til Fredrikstad. Les meir og bli med her!