Årsmøte 15.mai kl 16 vart gjennomført digitalt. Godkjent årsmelding, nye vedtekter og nytt styre.
Årsmøte for 2020 gjennomførte vi digitalt på omlag ein time i god tradisjon og utan tekniske problem.
Dei vanlege årsmøtesakene vart gjennomgått, men vi reviderte og vedtektene. Mellom anna for å kunne ta høgde for å gjennomføre digitale årsmøter. Årsmøte tok og orienteringssak frå styret til vitande utan merknad: Standpunkt som støttar NSA i saka om VM i Qatar og sportsvasking
Både leiar og valnemnd tok attval. Følgjande vart valde inn i styret, som seinare konstituerte seg i eige møte 28.mai:
Øyvind Heimset Larsen, Leiar og talsmann
Tonje Tangerud, Nestleiar, Juniorfeltsjef, Innkjøpssjef, assisterande talskvinne
Bente Mossige Ask, Sponsorsjef, teknologisjef og sekretær
Sindre Myrvang, Tifo-,pyro- og bortetursjef, (SK- Sogndal Bortekampar)
Therese Flæte Blomberg, Rekruttering- og vertskapsjef på heimebane , (SK- Sogndal Heimekampar), Kokarbui
Martin Salbu, Kasserar og nettsidesjef (NY)
Geir Marcus Molland, Feltsjef og rydding (NY)
Valkomite: Vidar Vadseth og Karl-Andre Dale
Her finn du: Vedteken årsmelding for 2020 , Våre nye vedtekter frå 2021
Vi er glade for å ha fått inn nye, unge og engasjerte styremedlemmar og vi takkar Joakim Lærum og Kim A Molland for innsatsen.