Kven tek ansvar?
Jan Rune Årøy og styrets ansvar i Sogndal Fotball
Sogndal Fotball har lenge vore ein stoltheit for regionen, ein klubb som speglar dei djupe røtene og fellesskapen i bygda. Men i fotball, som i livet elles, er det ikkje nok å ha gode intensjonar. Til slutt må resultata tale for seg sjølve. Og når desse resultata uteblir, må ein stille spørsmål ved leiarskapen.
Det er difor på sin plass å rette blikket mot styreleiar Jan Rune Årøy og hans rolle i det som no framstår som eit mislukka prosjekt med Tore André Flo som hovudtrenar. I nesten tre sesongar sat Flo ved roret, men laget nådde ikkje dei sportslege måla som styret sjølv hadde sett. Å ikkje rykke opp, ikkje stabilisere klubben på eit høgare nivå, og ikkje levere på forventingane til supportarane er ikkje berre eit spørsmål om trenarens prestasjonar – det handlar også om styret si strategiske dømmekraft.
Ein plan utan retning
Styret har det overordna ansvaret for å sikre at klubben har rett strategi, og at den strategien vert gjennomført på ein måte som gir resultat. Då Tore André Flo vart tilsett som hovudtrenar, vart han presentert som ein som skulle bringe Sogndal tilbake til toppen med si erfaring og kunnskap frå toppfotballen. Men kva slags oppfølging fekk han frå styret? Kva ressursar vart faktisk lagt til rette for å støtte visjonen han skulle realisere?
I ettertid verkar det som om prosjektet med Flo ikkje hadde ein klar retning. Det vart ikkje tydeleg kommunisert kva spelestil klubben skulle satse på, og spelarlogistikken har vore ustabil med ei rekkje inn- og utgangar utan noko tydeleg mønster. Eit styre som verkeleg bryr seg om sportsleg utvikling, hadde teke ansvar for å kartleggje kva som mangla og sørgje for at nødvendige tiltak vart sett i verk.
Manglande sjølvkritikk
Ein anna ting som uroar, er den tilsynelatande manglande sjølvkritikken frå Jan Rune Årøy og resten av styret. Når ein hovudtrenar ikkje lukkast, må styret stille spørsmål ved sin eigen rolle i prosessen. Har ein gjort nok for å støtte trenaren? Har ein tatt gode nok avgjerder i spelarlogistikken? Eller har ein berre halde fast ved håpet om at ting ville ordne seg, utan å ta aktive grep? Sogndal fortener eit styre som tør å sjå på eigne feil og lære av dei.
Ein organisasjon utan retning?
Ein annan alvorleg sak som krev kritisk lys, er korleis Sogndal Fotball har handtert overgangen frå Tore André Flo til ein ny hovudtrenar. Det vart tidleg klart at Morten Kalvenes, som spelte ei avgjerande rolle som redningsmann i sesongen 2024, ikkje ville fortsette. Klubben opplyser at dette skuldast «personleg val», men dette forklarar ikkje bort den meir grunnleggande problemstillinga: Korleis kan ein klubb som Sogndal gå ut og seie at teamet rundt hovudtrenaren allereie er sett før ein har fått på plass ein ny hovudtrenar? No må tida for utskifting kome!
Dette er ikkje berre uvanleg – det er direkte uprofesjonelt. Ein hovudtrenar bør ha stor innverknad på samansetninga av sitt eige team. Dette er fundamentalt for å kunne bygge eit sterkt og samstemt trenarapparat som deler ein felles visjon og arbeidsmetode. Når Sogndal sitt styre og sportslege leiing definerer dette på førehand, skapar det eit inntrykk av at dei ser hovudtrenaren som ein isolert figur – ei brikke som berre skal passe inn i eit på førehand bestemt system og i ein «gjeng», ofte omtalt i bygda som gutteklubben på Fosshaugane.
Ei mistolking av moderne leiarskap
Fotball er ein kompleks sport, der samarbeidet mellom hovudtrenar og støtteapparat er avgjerande for å oppnå suksess. Å seie at «teamet er sett» før hovudtrenaren er på plass, indikerer at styret ikkje forstår kor viktig dette samarbeidet er. Korleis kan ein forvente at ein hovudtrenar skal ta fullt ansvar for sportslege resultat når han ikkje har hatt ei hand med på rattet i å bygge sitt eige støtteapparat? Det er eit grunnleggjande problem som ikkje berre handlar om sportslege avgjerder, men også om mangel på respekt for trenarrolla og moderne prinsipp for leiarskap.
Det er også grunn til å spørje seg om det faktisk er eit personlege val som ligg bak at Kalvenes ikkje fortsetter, eller om det er eit djuptgåande problem med korleis Sogndal Fotball strukturerer og styrer organisasjonen. Kalvenes gjorde ein formidabel jobb som redningsmann, og det ville vore naturleg å bygge vidare på den positive energien han skapte. Når han no forsvinn ut av bildet, er det styret og Jan Rune Årøy som står att som ansvarlege for manglande kontinuitet.
Signal til framtidige trenarar
Det som no skjer, sender også dårlege signal til potensielle framtidige trenarar. Når klubben ikkje gir hovudtrenaren det nødvendige handlingsrommet til å forme sitt eige team, skaper det eit inntrykk av at Sogndal Fotball ikkje er ein klubb der trenarar har reell innflytelse. Dette kan gjere det vanskelegare å tiltrekke seg dyktige kandidatar i framtida. Kven vil ta på seg ansvaret for sportslege resultat når ein veit at ein ikkje har det nødvendige mandatet til å påverke sentrale avgjerder?
Tid for ein ny start
Som tilhengar er det tungt å sjå at klubben gjer seg sjølv ein bjørneteneste ved å mangle både klar retning og profesjonalitet i sine prosessar. Sogndal Fotball treng ei leiing som forstår kva det vil seie å skape ein heilskapleg strategi, der både trenar, støtteapparat og sportsleg leiing jobbar saman mot eit felles mål. Jan Rune Årøy har hatt sjansen til å vise at han er rett mann til å leie klubben gjennom denne krevjande tida, men handteringa av både Tore André Flo-prosjektet og situasjonen rundt Kalvenes tyder på det motsette.
Dersom Sogndal skal klare å finne tilbake til det nivået vi alle veit dei kan nå, må klubben starte med å sjå seg sjølve i spegelen og stille spørsmålet: Er dagens leiing verkeleg den rette til å styre skuta framover?
Kommentaren er skriven av Sindre T. Myrvang, og publisert i Saftkokaradn sine kanalar med godkjenning frå resten av styret.