Bli kjend med ein saftkokar! - Thomas Øyre
Thomas Øyre vart fødd 12.04.89. Han har vore medlem i Saftkokaradn sidan 2007 og var rundt 18 år når han vart medlem. Vidare vert du litt betre kjend med Thomas, og supportarlivet hans.
Sidan Thomas har vore saftkokar lenge har det naturleg nok vorte ein del kampar. Faktisk har han vore på alle heimakampane til Sogndal i 20 år, til og med på konfirmasjonsdagen sin. Det blir rundt 300 heimekampar på rad. Dessverre vart den rekka brutt i 2021-sesongen. Mellom alle heimakampane vert det også nokon borteturar:
- Fyrste bortekamp som saftkokar gjekk til Haugesund i Lars Jin sin gamle Toyota
Kva er favorittspelaren din i dagens tropp?
- Kan trekkja fram fleire. Martin Ove Roseth er den stødige i dei bakre rekker, Daniel Eid er enorm om han fyrst har dagen, Sivert Mannsverk held eit nivå langt over OBOS-standard og Kristoffer Hoven dunkar inn mål etter mål.
Det er med andre ord mange av spelarane som Thomas likar litt ekstra godt. Og det er kanskje ikkje så rart når laget spelar fin og offensiv fotball, og ein har spelartypar som verkeleg byr på seg sjølv. Men kva med favorittspelaren gjennom tidene?
- Kurt Mørkøre: Bøtta inn mål. Alltid på rett plass til rett tid. Raoul Kouakou: Underhaldande, men og frustrerande. Uortodoks villmann.
Når Thomas ikkje er på fotballkamp jobbar han som drosjesjåfør. I tillegg er han interessert i bil - helst amerikansk. Då er det naturleg at det blir nokon mil med bilkøyring i løpet av eit år. Det var det også når Thomas opplevde sitt verste minne med Sogndal.
- Kvalikktapet mot Ranheim i 2017…
Noko som er meir kjekt å skriva om er det beste minne med Sogndal:
- Då Espen Olsen i praksis sendte oss opp i Tippeligaen med si overtidsscoring i Bodø 2010.
Sogndal vann kampen 1-0 og tok eit langt steg mot opprykk. I runden etter sikra dei opprykket offisielt med scoringar av Per Egil Flo og Tommy Øren.
I dag bur Thomas på Hafslo og han følger laget like tett som han har gjort. Me håpar at han får oppleve mange gode minner framover og at det allereie i år vert eit nytt opprykk.
Tusen takk til Thomas!