Månadens spelar i juni: Per Egil Flo
Kampane i juni er ferdigspelt og medlemmane i Saftkokaradn har stemt fram månadens beste Sogndalspelar!
Dei nominerte var Mansour Gueye, Akor Adams, Martin Ove Roseth og Per Egil Flo. Vinnaren vart sistnevnte som med 1 mål og 1 målgivande pasning, samt to kampar utan baklengsmål har hatt ein god månad i Sogndalsdrakta.
Styret i Saftkokaradn seier:
- Per Egil har vorte betre og betre etter at han kom og han viser at han er ein viktig spelar i gruppa. Han bidrar med tryggheit bakover på bana, og kan også vere eit farleg angrepsvåpen. Det fekk han vist i juni med både mål og målgivande i tillegg til mange gode involveringar på venstrekanten. Me gratulerar!
Kor fornøgd er du med prestasjonene i Juni? Individuelt og som lag.
- Så som så. Vi har vært veldig opp og ned, veldig ustabile i prestasjonane. Men det går i riktig retning og vi forbedra oss gradvis. Det er en rar sesong der alle slår alle so det er ikkje over enda.
Korleis føles da å ha komme heim igjen etter utenlandseventyr?
- Godt å være heime igjen. Eg har hatt noken fine år ute, det har vert en artig og lærerik opplevelse, men eg er no glad for å være tilbake i Norge og Sogndal.
Fortel litt om rolla som du har i Sogndal i forhold til korleis du/de spelte i Lausanne?
- Den er mykje lik. Eg var blant dei eldre/"rutinerte" i spelargruppa der ned også. Eg føler kanskje litt meir ansvar i Sogndal kontra Lausanne. Også rolla i forhold til system og spelestil er nokså lik. Meir direkte og att og fram enn det eg er vant med, men ideen er den same. Vi har stort forbedringspotensial i spelet vårt, men det trur eg vil bli beire og beire etterkvart.
Kor godt/viktig er da for deg å bidra med målpoeng?
- Det viktigaste er at vi tar tre poeng, ken som scora er ikkje so nøye. Det er selvfølgelig ekstra godt når en er direkte involvert i seieren i form av mål og målgivande, men laget kjem alltid først.
Kva er målet for sesongen slik me ligg an no?
- Målet er å ta tre poeng i neste kamp, og deretter gjenskape gode prestasjonar og sådan ta tre poeng i kamp etter kamp. Sogndal høyrer heime i øverste divisjon og det er dit vi vil tilbake, helst gjennom direkte opprykk, men om vi klare det gjennom kvalik so er det greit for meg.
Kva betyr det for laget å få nokre seiarar etter ein tung start på sesongen?
- Vi jobbar hardt kvar einaste dag for å vinne fotballkampar, og når det buttar imot og en ikkje får det heilt til so er det tungt. Fotball er ferskvare og en blir ofte vurdert etter siste prestasjon. Så det at vi har fått noken tre poengera hjelpe veldig på sjøltillit og høge skuldra. Vi har hatt progresjon sjøl om vi ikkje alltid har fått med oss det resultatet vi vil ha. Vi må berre fortsette, ta lærdom av feil, bli meir stabile og sanke fleire tre poengera.
Etter at det opna for fleire på tribuna og delvis bortesupportarar. Kor viktig er det for dykk med støtte frå publikum? Merkar de forskjell på feks 600 og 1500?
- Det er utrulig viktig med støtte frå publikum. Når vi har supportera som heiar og ropar og lagar støy på kampane so gir det en ekstra giv til oss utpå der. Om det er 600 eller 5000 så er det støynivået vi legge merke til, jo meir trøkk det er frå tribuna jo meir energi gir det oss spelarane. Når laget spelar bra og vinne kampar so skapar det entusiasme og folk vil på kamp. Vi må trøkke til og gjere det vi kan, so håpar eg at flest mulig tar turen til Campus.
Til slutt, korleis føles det å bli kåra til månadens spelar?
- Kjekt det!
Me gratulerer Per Egil og ynskjer han og laget lykke til vidare i sesongen! Følg med på Facebook-sida til Saftkokaradn for å stemme på månadens spelar for juli.