Pressemelding frå Saftkokaradn
Vi har sjølvsagt meiningar om det Sogn Avis har hatt fleire saker på den siste veka og klubben og vegen vidare. Fleire kjem til å følgje opp. Det som skjer i og rundt klubben frustrerer og engasjerer våre medlemmar. Det har vore mykje diskusjon direkte og i våre interne chattar.
Vi såg det som uheldig at trenarskifte vart proklamert midt i sesongen og at ein sportsleg leiar først tek til i januar neste år. Vi vart lei oss då Rasmus uventa slutta som dagleg leiar, og vi hadde ønskt oss klarare prosessar og raskare avklaringar om både trenarspørsmåla og dei vel mange kortvarige spelarkontraktar og spelarar på utlån. Utlån og skadar har svekt 2. laget, men mange av oss ser og argumentet om å gje våre framtidige speletid på høgare nivå.
Vi forventar at klubben og særleg styret no tar grep. Det er fint at generalsponsor og berebjelke for klubben i mange år, Lerum, gjev gode råd til styret. Kanskje er det enno meir naturleg at dei enn vi gjer det. Det som kjem fram om interndialogen og prosessar skuffar, og vi undra oss over prosess på ny sportsleg leiar. Spennande namn på gode trenarar er omtala, og vi håpar at det vi veit er gode folk på feltet blir med vidare. Eit varsla klarare skilje mellom leiarrollene sport og eigedom er innlysande.
Men vi supporterar vil alltid støtte dei som går utpå der. Ingen er større enn klubben og nye krefter og erfaringar utanfrå er velkomne. MEN vi ønskjer ikkje å dra ting lengre ned i søla, då klubben no burde vere klar over situasjonen. Om klubben gjer jobben gjennom vinteren, så er vi Saftkokaradn klar for å ønskje alle som vil bidra velkommen på tribuna!
Vi støttar laget. 9 stk på feltet vårt sist laurdag var ingen offisiell protest, men og ein kombinasjon med mange på ferie og jobb. Ja. Vi ser og at slitasje over tid og dårleg utteljing i ein god kamp mot Fredrikstad og ok kamp mot Jerv, samt dårlege kampar og vurderingar mot Åsane og Bryne no påverkar oppmøte. Saftkokaradn skal ikkje stå i fokus i ein intern konflikt som pregar heile bygda. Vi må vere der når folk vil på kamp, og gi eit tilbod til dei som ønskjer å bidra. Heime og borte. Dialog med klubb har vel aldri vore betre enn dei siste åra eigentleg..!
Og difor prioriterer vi å sende ei direktemelding og ta ein tur innom kontoret for å ta opp ting og situasjonar kjapt og direkte. Vi hugsar enno kor lite konstruktivt usemja om billettprisar og feltplassering formidla via media vart i 2009. Ja. Det gjekk ei kule varmt rett etter kampen mot Jerv mellom dei få som var der og Eirik. Det tek vi direkte og blir ferdige med det.
Det blir som vanleg ein tøff haust. Vi meiner framleis laget kan slå godt frå seg i ein kvallik. Laget har etter kvart ein del rutine på dette. I år er det vår tur til å få med oss marginar.