Månadens spelar for september - Eirik Lereng
Medlemmane til saftkokaradn har igjen stemt fram månadens sogndalspelar, og denne gong var det Eirik Lereng som fekk flest stemmer!
I september spelte me 5 seriekampar. 2-1 tap for Fredrikstad, 2-1 siger over både Raufoss og Grorud, 0-0 mot Bryne og til slutt 1-0 tap mot Åsane. Eirik kom inn for ein skadd Martin Roseth i kampen mot Raufoss og spelte resten av kampane i september. Med han på bana vart det berre 3 baklengsmål, og me fekk med oss 7 poeng.
Styret seier:
- Eirik har kome inn og løyst oppgåva utruleg bra. At Roseth vart skada var sjølvsagt ein nedtur, men Eirik har vist at me har gode erstattarar som er klare til å ta sjansen. Han har vore god i duellspelet og trygg med ball i beina i eige spel. Han har levert stabilt godt i alle kampane han har spelt, noko me ser har gitt resultat i form av lite innslupne mål. Me gratulera Eirik, og ønskjer både han og laget lykke til inn mot den siste delen av sesongen.
Etter fredagstreninga fekk me ein liten prat med Eirik. Det kan du sjå på YouTube.