Tap, men flott markering for Emil Pálsson!
Dette var fyrste kamp etter at Emil på mandag fekk hjartestans, og kampen mot Stjørdals Blink vart avbrutt. Kampen mot KFUM Oslo vil nok hugsast best for det som skjedde på tribuna.
I det 12. minutt fekk Sogndal sin andre corner på rad etter fleire minutt med trykk mot målet til Kåffa. Ballen vart slått inn og enda i beina på Akor som venda rundt 180 grader og satt den i mål. Det vart ein perfekt start på den planlagte markeringa for Emil Pálsson. Når kampuret passerte 12. minutt reiste heile stadion seg og klappa i eit minutt samanhengande. Etter at applausen var ferdig begynte Profetene å ropa «Emil», Saftkokaradn bak målet svara med «Pálsson» og heldt det gåande i eit minutt. Markeringa vart avslutta med applaus.
Om du vil sjå markeringa kan du trykka her
Ein god fyrste omgang av Sogndal, og 0-1 til pause. I den andre omgangen såg det ut til at kreftene, forståeleg nok, tok slutt. Kåffa fekk overtaket og styrte da meste. Etter 56 minutt kom utligninga. Kåffa trykka oss over lengre tid og tilslutt sprakk det opp. Lufta gjekk litt ut av ballongen, og det gjekk ikkje lang tid før det vart 2-1. I det 63. minutt fekk Alagie Sanyang stå veldig åleine og satt enkelt inn leiarmålet. På slutten av kampen gjorde Sogndal eit siste forsøk på å klare eit poeng. Andreas Hoven og Amin Nouri kombinerte fleire gongar på høgresida og kom til innlegg. Dessverre vart det ingenting ut av det. Istaden fekk Kåffa ein siste sjanse når Renze vart sendt opp på corner. Bilal Njie hadde difor ingen problem med å setta ballen i ope mål. 3-1 til heimelaget.
Det vart tap i ein kamp der gutta ga det eit forsøk, men ikkje klarte å halda ut heile kampen. Oppladninga til kampen har vore langt frå optimal, og tankane og kreftene har nok gått til andre ting enn å gjere seg klar for kamp mot Kåffa. No er det landslagspause, men fyrst skal kampen mot Stjørdals Blink spelast ferdig. Den vert spelt på onsdag klokka 17.12, merk deg tidspunktet. Det er gratis inngang på kampen, og me håpar at folk viser støtte til laget vårt no. Stao no Pao!
Billett til kampen finn du her, og det er altså gratis for alle som vil ta turen!
Til slutt vil me takka alle som møtte opp for å støtte gutta og alle dei involverte i Kåffa med profetene i spissen som bidrog til ei flott markering. Tusen takk!