Bli med på festen i fyrste serierunde!
No er det endeleg klart for seriestart! Oppkjøringa har ikkje vore optimal, men no skal det kjempast om poeng, og me er klare!
Før kamp samlast me på Galgeberg Corner. Her kan alle som ynskjer bli med på oppladninga til kamp. Ta med venar og familie og bli med på å skapa ei god stemning. Frå Galgeberg Corner til KFUM Arena er det omtrent 8-10 minutt å køyre (Google Maps). Det er mogleg å nytte kollektivtransport. Me reiser til stadion i god tid før kampstart og oppmodar alle om å kle seg i svarte og kvite kle!
Minibussen til Oslo er heilt full, i tillegg til ein ekstra bil frå Gol. Me vert mange supportarar på bortefeltet på Ekeberg og treng at alle med hjarte i Sogndal møter! Følg instruksjonar gitt på tribuna og bidra til god tribunestemning! Dette skal bli ein skikkeleg fest!
Stao no pao!!!