Bortetur mot Moss!

Me fekk med oss eit viktig poeng på bortebane mot KFUM Oslo. No arrangerer me bortetur til Moss!

Me møter Moss i 3. serierunde av årets OBOS-ligaen 2023. Kampen spelast 23. april klokka 15:00. Me fekk ein bra start på sesongen mot Kåffa og no skal me laga eit voldsomt liv på Melløs Stadion også!

Det vert avreise frå Sogndal Skysstasjon klokka 06:15 og me reiser med 6:40 ferja frå Mannheller. Me køyrer den vanlege ruta over Hemsedalsfjellet og det er som vanleg mogleg å gå på langs ruta. Heimreise vert rett etter kamp. 

Prisen for å vere med er 300kr for medlem av Saftkokaradn og 450kr for ikkje-medlem. Prisen inkluderer tur/retur med bussen. Dei 10 fyrste som melder seg på får kampbilletten inkludert i prisen. Resten må kjøpe eigen kampbilett. 

Bli med til tradisjonsrike Melløs Stadion for å støtte gutta!

Påmelding skjer ved å fylle ut dette skjemaet, betaling på Vipps eller ved bankoverføring skjer på reisedagen.

https://forms.gle/88R3ptBErdY19fFe6

Forrige
Forrige

Rabattar på Fjøra Pub!

Neste
Neste

Bli med på festen i fyrste serierunde!