Rabattar på Fjøra Pub!

Fjøra Pub er Saftkokaradn sin faste samlingsplass! Her arrangerer me diverse samlingar som quiz og pre-match i tillegg til å berre samlast for å sjå fotball. Fjøra Pub viser alle bortekampane til Sogndal, så om du ikkje er med oss på tur kan kampen sjåast her. No har me vorte einige om rabatterte prisar for medlemmar i Saftkokaradn.

Alle medlemmar i Saftkokaradn får no:

  • Mat til 20% rabatt av listepris

  • Brus til 50,-

  • Rabatt på utvalde drikkevarer (spør i baren)

Desse prisane gjeld på kampdag for Sogndal eller Sogndal FK Damer, i tillegg til andre arrangement knytt til Saftkokaradn, Sogndal Fotball eller Sogndal FK Damer. For å få rabatten viser du gyldig medlemsbevis i baren. Medlemsbevis finn du i Gnist-appen.

Forrige
Forrige

Bortetur mot Åsane!

Neste
Neste

Bortetur mot Moss!