Ekstraordinært årsmøte om Qatar-VM
Ekstraordinært årsmøte i Sogndal Fotball om Qatar-VM er i dag 16.06 klokka 18.00. Møtet vert i auditoriet i Frydenbøtribuna.
Saftkokaradn støttar boikott av Qatar. Uttale til ekstraordinært årsmøte i Sogndal Fotball 16.06.2021 kl 18. Årsmøtet vårt den 15.mai tok orienteringssak frå styret til vitande utan merknad: Standpunkt som støttar NSA i saka om VM i Qatar og sportsvasking. Styret har både i Sogn Avis, på vår Facebook-side og på NSA si side, https://www.fotballsupporter.no/qatar/ , flagga vårt standpunkt. Vi oppmodar også det ekstraordinære årsmøtet om å ta standpunkt for boikott.
Vi undrar oss litt over at det ekstraordinære årsmøtet vart gjort kjent så seint som 13.06. Vi fanga som andre opp dette på FB, og stussar også over at det ikkje ligg informasjon om vedtak gjort på det ordinære årsmøtet.
Me oppmodar medlemmar med stemmerett i klubben til å møte opp i kveld.