Bli kjend med ein saftkokar! - Tonje Norheim Tangerud

Tonje Norheim Tangerud vart født 03. April 1977 og er oppvaksen i vakre Sogndal. Ho er dattera til Torolf Norheim, tidlegare spelar og trenar for Sogndal. Han var med på laget som spelte Sogndal opp i 2. divisjon, dagens OBOS-liga. Tonje har vore medlem i Saftkokaradn sidan 2005, og er i dag sterkt engasjert på fleire arenaer i heimbygda.

Det er naturleg at når ein har fulgt Sogndal så lenge som Tonje, opplever ein mange flotte opplevelsar og gode minner. Det aller beste minne skjedde i Bergen:

- Det er soleklart sigeren over Brann på Brann stadion med over 1000 sogndalsupporterar på tribuna!

Då er det sjølvsagt kampen i 2015 det er snakk om. Brann hadde rykka ned i lag med Sogndal året før, og var storfavorittar til å rykka rett opp igjen. Når vesle Sogndal kom på besøk til Brann stadion var det nok få som hadde tippa riktig resultat. Sogndal knuste Brann 4-0 og Kristian Fardal Opseth scora tre mål. Som dei fleste sikkert hugsar enda den sesongen med 1. plass og opprykk for Sogndal, etterfulgt av Brann på andreplass.

Men som me alle veit: Som fotballsupportar er det både oppturar og store nedturar. Det verste fotballminnet for Tonje kom ein kald desemberkveld i Ranheim i 2017. Sogndal tapte på straffesparkkonkurranse i nedrykkskvalifiseringa mot Ranheim. Kampen sit nok att som ein tung opplevelse for alle med hjarte i Sogndal, og me treng ikkje å skriva for mykje om den.

Som fotballsupportar har ein gjerne nokon spelarar ein likar litt ekstra. Tonje svarar at i dagens tropp er det Martin Ove Roseth og Sivert Mannsverk som er favorittspelarane. Av alle Sogndalspelarar gjennom tidene er det Morten Wigum og Eirik Bakke som er favorittane.

Som dei fleste andre har Tonje eit lag i tillegg til Sogndal. Tonje heiar på Liverpool, og det er nettopp dei som har gitt ho hennar beste fotballminne:

Kva er ditt beste fotballminne?

- Liverpool sin opphenting i Champions League finalen i Istanbul i 2005!

Kampen kjent som «The Miracle of Istanbul», er nok ein kamp som mange hugsar godt. Milan leda heile 3-0 til pause, men Liverpool scora 3 mål på berre 6 minutt i andre omgang og kampen enda 3-3 etter fulltid. I straffesparkkonkurransen vann Liverpool 3-2 og sikra seg sin femte Champions League tittel.

- Må også seie Norge - Brasil på gamle studentkroa. Det var og fantastisk.

Den legendariske kampen i 1998, der Norge vann 2-1 mot Brasil i Marseille, er sjølvsagt også noko alle norske fotballfans hugsar godt.

Kva er den største stadionen du har besøkt? Og kva kamp såg du?

- Phillips stadium, heimebanen til PSV Eindhoven. Kampen var PSV - Ajax i 2003

Stadion ligg i Eindhoven i Nederland og har ein kapasitet på 35 119 tilskodarar. Kampen enda 2-0 til PSV, noko som vart heilt avgjerande for tittelkampen. PSV vann serien med eit poeng ned til Ajax på andreplass.

I dag jobbar Tonje som aktivitør, og på Leikanger Fjord Hotel. På fritida brukar ho tida si på ski, båt og golf. Og Champagne!! Ho er også leiar for Sogndal idrettslag og nestleiar i styret til Saftkokaradn.

Tusen takk til Tonje!

Forrige
Forrige

Ekstraordinært årsmøte om Qatar-VM

Neste
Neste

Månadens spelar i Mai: Kristoffer Hoven