Kampanjepris på 1. bortetur i 2023!
Me arrangerer bortetur til KFUM Arena når me møter KFUM Oslo til 1. serierunde på Ekeberg! Kampen spelast mandag 10. april (2. påskedag) klokka 15:00!
Det vert avreise frå Sogndal Skysstasjon klokka 07:00, og heimreise etter kampen. Me køyrer over Hemsedalsfjellet og det er mogleg å gå på langs ruta. Viktig å informere om dette i påmeldinga di.
Til denne turen køyrer me på med kampanjepris! Til dei 15 fyrste som melder seg på er prisen 100kr for medlem og 300kr for ikkje-medlemmar! Etter 15 påmeldte er prisen 250kr for medlemmar og 400kr for ikkje-medlemmar!
Meld deg på i dette skjemaet, og vær rask! Det er allereie fleire som har meldt seg på!