Gjennomført årsmøte og årsmøtedokument

Søndag 12. mars gjennomførte me årsmøte for 2022 på Fjøra Pub. Det var i alt 17 medlemmar som deltok og årsmøtet var vellukka.

Det vart ikkje sendt inn saker på førehand og ellers var det berre dei vanlege sakene som vart behandla. Årsmøtet vart leia av Øyvind Heimset Larsen. Me ønskjer også velkommen til Kåre Salbu som nytt styremedlem etter at Geir Marcus Molland ikkje tok attval. Therese Langeland og Sindre Myrvang tok attval og er ein del av styret i to nye år. Valkomitéen i 2023 er framleis Vidar Vadseth og Bente Mossige Ask. Resten av innhaldet i årsmøte finn de i referatet og i årsmeldinga.

Me takkar for oppmøtet og gler oss til å møtast igjen på feltet når sesongen byrjar! Under finn du referat frå møtet og årsmeldinga for 2022!

Signert referat frå årsmøtet finn du her. Årsmeldinga for 2022 finn du her.

Foto: Lars Jin

Forrige
Forrige

Vil du på landskamp?

Neste
Neste

Kampanjepris på 1. bortetur i 2023!