Vil du på landskamp?
Norge spelar to heimekampar i juni og medlemmar i Saftkokaradn har gjennom NSA tilgang på rabatterte billettar! Det er dei to neste kampane i EM-kvalifiseringa som skal spelast på Ullevaal Stadion i juni. Kampane det gjeld er:
Norge - Skottland, laurdag 17. juni klokka 18:00
Norge - Kypros, tysdag 20. juni klokka 20:45
Kampen mot Skottland er allereie utsolgt, og det er berre billettane gjennom NSA som endå er tilgjengelege. Ein billett til denne kampen kostar 250 kroner, i tillegg til eit eingongsbeløp på 50 kroner for innmelding i landslagsgruppa til NSA. Billettar til kampen mot Kypros kostar 150 kroner, i tillegg til same innmeldingsavgift. Desse prisane er halv pris av det NFF sel dei ordinære billettane for på tilsvarande del av stadion.
Vil du på ein eller begge kampane? Er du klar for å stå saman med supportarane og bidra til å skape stemning på tribuna? Send ein mail for reservering av billett på e-post til: landslaget@fotballsupporter.no
Ein må oppgi etternamn, fornamn og mailadresse til alle som skal ha billett i e-posten. Når billettane er reservert på e-post kan dei betalast til NSA på Vippsnummer: 32437. Om du har spørsmål kan desse sendast til same e-postadresse.